Heim - Besøkssenter verdsarv

Besøkssenter verdsarv

Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Utstillingane viser det spennande og særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av UNESCO i 2005.

Gjennom utstillingar og interaktive stasjonar får du kunnskap om dei geologiske prosessane som skapte fjordlandskapet, og du får sjå korleis landskapet er i dag. Du får også lære om det biologiske mangfaldet og korleis dyr og planter har tilpassa seg naturtypane her. Besøkssenteret har ei eiga utstilling og eit engasjerande aktivitetsrom for barn.

På besøkssenteret er det også ein triveleg kafé med gode smårettar og eit butikkutsal med vekt på berekraftige norske produkt.

MenyEnglish

Hovudutstilling – geologi, biologi og kultur

Kvifor er fjella så høge og fjorden så djup? Korleis klarte folk seg vinteren gjennom på ei einsam fjellhylle? Trivst det blomar der rasa går? Kva skjer når fjellskredet på Åknest går og flodbølgja kjem inn fjorden?

I hovudutstillinga får du sjå korleis det mektige landskapet blei til, og korleis naturkreftene framleis verkar på det. Du blir kjend med flora og fauna og får innsikt i dei små og store prosessane i naturen. På vandringa gjennom senteret går du hundre år tilbake i tid, opplever bygningar og gardsreiskapar, sjekkar korleis fjordabåten ruggar og får kjenne «gufset» frå snøfonna som sopar ned dei bratte fjellsidene.

Kinosal og auditorium

Gjennom ei biletreise i fjordlandskapet tek vi deg med gjennom verdsarvområdet i skiftande årstider. Stemningsfull musikk forsterkar dei vakre og dramatiske bileta. Her kan du roe deg heilt ned og kjenne deg i eitt med naturen, og du kan få ein god pause i eit travelt reiseprogram.

Vi utviklar med jamne mellomrom nye produkt som vi vil vise fram i den moderne kinosalen vår. Gled deg til desse! Salen har eit uvanleg stort boge lerret og solid framvisingsutstyr og eignar seg godt både til kulturopplevingar og konferansar. I salen er det hundre sitjeplassar plasserte i amfi, så her ser alle både lerret og scene godt.

Fjordheimen – fantasifull læring for barn

Vi ønskjer å vere med på å gi barn og unge det beste grunnlaget for å skjøtte verdsarv-verdiane i framtida. I utstillinga frå Fjordheimen møter vi isbreane, elvane og steinane som artige skapningar: Gaute Gneis viser deg alle dei flotte steinvennene sine, og du kan krype inn i magen på Moder Mantel og høyre henne fortelje om korleis fjordlandskapet vart til.

Dette er ikkje berre ei utstilling, men mest av alt eit aktivitetsrom der du kan forske, leike, undre deg og kanskje lære noko nytt. Her prøver vi å la naturen sjølv fortelje.

Grøn fjord-utstilling

Kva kan vi gjere for å ta vare på det eineståande verdsarvområdet for framtida? Korleis kan bygdene våre bli meir berekraftige?

Grøn fjord-rørsla har teke tak i mange av dei store utfordringane i verdsarvområdet med omland. Som eit resultat av dette arbeidet har det kome strengare krav til skipstrafikken på fjorden. Det er auka merksemd på helsemessige konsekvensar av utslepp til luft og vatn, og ein ser på korleis ferdselen på land kan styrast best mogleg.

Ambisjonane våre er høge: Vi ønskjer at området skal bli eit fyrtårn for den beste forvaltinga av natur og kulturminne! I Grøn fjord-utstillinga fortel vi deg om dette arbeidet.

Skiftande utstillingar

I eit særprega lokale med utsyn rett mot fjorden har vi dei siste åra vist fram utvalde kunstutstillingar. Kunstutstillingane har tema som er knytte til verdsarven, natur eller kulturverdiar.

I eit anna rom viser vi fram varierte temautstillingar. Desse spenner over eit breitt spekter: Det kan vere ambulerande utstillingar knytte til aktuelle tema, utstillingar vi sjølve produserer, eller prosjekt vi har samarbeidd med skulane om. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har gode tips, eller kan vere ein samarbeidspartnar i eit utstillingsprosjekt.

Kafè og butikk

Når inntrykka er mange, er det godt å setje seg ned på ein hyggeleg stad og nyte eit lite måltid. I kafeen vår får du kjøpe kaffi og anna god drikke, og nyte gode småretter laga av lokale råvarer.

Du kan også sikre deg ferdaminne frå verdsarven som du finn berre her. Når du gler deg sjølv eller dine kjære med ein slik suvenir, hjelper du oss også til å ta vare på og utvikle verdsarvområdet vidare.

Uteareal

Norsk Fjordsenter ligg flott plassert på ei lita høgde over fjorden. Det er lett å kome seg hit med bil og buss, og det er oppkvikkande å gå opp hit langs elva frå fjorden.

Fossevandringa er ei oppleving same kva årstid du kjem – det friske vatnet i elva og dei flotte trappene får det til å bruse i blodet. Vi har eit fint tilrettelagt uteområde med bålplass og leikeplass for barna. Her er ein natursti, du kan lage byggverk med hesjestaur, eller nytte volleyballbanen. Kanskje har du lyst å prøve deg på «Kubb» eller andre utespel?

Her er utandørs toalett som er opne heile døgnet i sommarhalvåret. På parkeringsplassen har vi ladestasjon for el-bil.