Heim - Om verdsarven

Om verdsarven

Verdsarvlista vart etablert av UNESCO (FN-organisasjonen for utdanning vitskap, kultur og kommunikasjon) i 1972. Stader og kulturminne som blir skrivne inn på lista, blir valde ut på grunnlag av at dei har eineståande kulturelle eller naturhistoriske verdiar. Det blir også kravd at områda som står på lista, blir verna og tekne vare på for framtida. Alle naturområde og kulturhistoriske stader på verdsarvlista må representere eit unikt natur- eller kulturhistorisk miljø som kan fortelje noko om historia til menneska, eineståande biologiske verdiar eller viktige utviklingssteg på kloden.

Formålet med lista er å verne om natur- og kulturarven på kloden. I 2018 inneheld lista 1092 stader i 167 land – 209 av dei er naturarvstader som Vestnorsk fjordlandskap.

I Noreg har vi åtte verdsarvstader. Berre Vestnorsk fjordlandskap har fått verdsarvstatus på grunn av naturverdiane .

Meny

Foto Vegard Lødøen

Vestnorsk fjordlandskap

Vestnorsk fjordlandskap blei skrive inn på verdsarvlista til UNESCO i 2005. Området er skrive inn på grunnlag av to hovudkriterium: naturvenleiken og sjølve fjordlandskapet med det breie spekteret av landskapsformer knytt til dei inste delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Kulturlandskapet tilfører ein ekstra dimensjon som aukar den samla verdien av området. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap består av to delområde som ligg om lag 120 km frå kvarandre på Vestlandet: Geirangerfjorden med omland i nord og Nærøyfjorden med omland i sør.

Geirangerfjordområdet omfattar Geiranger–Herdalen landskapsvernområde, naturreservata Kallskaret og Hyskjet, bygda Geiranger og dei tre fjordane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden.

Vis kart over Geirangerfjordområdet

Foto Finn Loftesnes

Geologi, landskapsform og natur

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er klassiske eksempel på fjordlandskap, og dei store høgdeforskjellane og den korte vegen frå sjøen til høgfjellet gjer at naturmangfaldet er stort. Fjordområda utmerkjer seg ved både dei klimatiske og geologiske tilhøva, og dei viser tydeleg korleis isbreane under dei siste istidene har skapt landskapet her. På veg mot havet har ismassane forma om v-dalane til store u-dalar med bratte fjellsider.

Her finn vi unge, aktive landskap der naturkreftene framleis arbeider med å forme terrenget. Områda blir sett på som viktige «naturhistoriske laboratorium» fordi dei kan gi oss større kunnskap om korleis landskap blir danna, og om korleis klimaendringar påverkar naturen.

Foto Finn Loftesnes

Naturvenleik

I kriteria for verdsarvstatusen til Vestnorsk fjordlandskap skriv UNESCO at landskapa langs Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blir rekna blant dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Den særeigne naturvenleiken kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå fjordbotnen og heilt opp til høgder på 1400 meter.

Breane og bresjøane, fossar som kastar seg utfor dei stupbratte fjellsidene, og talrike elvar som renn ned frå fjellandskapet gjennom lauv- og furuskog og ned til fjorden, er med på å gjere landskapet vakkert og eineståande.

Mangfaldet av andre naturfenomen, som undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. UNESCO viser også til at dei nedlagde gardane og stølane langs fjorden tilfører det dramatiske landskapet ei viktig menneskeleg og kulturell side.

Foto Merete Løvoll Rønneberg