Arbeidet vårt
Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv har ei stor og mangfaldig oppgåve. Arbeidet omfattar å drive formidlingsarbeid og kompetanseutvikling for å verne og bevare naturarven; å vere ei drivkraft for ei berekraftig utvikling.Vi ønskjer å vise korleis vi kan ferdast på meir miljøvennlege måtar; å formidle kunnskap om og vise fram området til både lokale og internasjonale gjester; å vere ein arena for vitskapleg forsking på området; å vere ein premissleverandør overfor ulike styringsorgan.
Om oss
Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv er ei ideell stifting etablert av Norddal kommune og Stranda kommune saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Stiftinga held til på Norsk Fjordsenter i Geiranger.
Norsk Fjordsenter er eit autorisert besøks- og formidlingssenter for verdsarven og også arenaen der vi i Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv kan vise fram ulike sider av arbeidet vårt.Vi held ope heile året.
Foto Merete Løvoll Rønneberg
Fjordheimen – fantasifull læring for barn
Vi vil medverke til å gi barn og unge eit best mogleg grunnlag for å skjøtte verdsarv-verdiane i framtida – både ved å involvere dei i ulike prosjekt, og ved å tilby barnehagane og skulane dei gode verktøykassene våre for å lære om naturen og kulturen vår.
I barneprosjektet «Fjordheimen» bruker vi humor, fantasi og fakta. Her kan ungane møte Gaute Gneis, Gloria Glimmer, Moder Mantel, Peggy Plast og dei andre figurane i Fjordheimen-universet. Alle har spennande historier å fortelje om korleis fjordlandskapet vart til, kva som trugar naturen, og korleis vi saman kan ta vare på han.
Vi brukar Fjordheimen-opplegget i utstillingar, undervisingsopplegg, skodespel, som design på spel og i aktivitetsopplegg. Berre fantasien set grenser.
Foto Andrea Ørjasæter Åland
Natur og kultur går hand i hand
Kulturlandskapet forsterkar verneverdien i området vårt. Attgroing er eit av dei største trugsmåla mot kulturlandskapet i verdsarvområdet. Å ta vare på og utvikle mangfaldet i kulturlandskapet og kvalitetane knytte til å oppleve landskapet har vore den viktigaste fanesaka for Vestnorsk fjordlandskap. Landbruksnæringa, organisasjonar og einskildpersonar i området får midlar til skjøtsel som slått, beiting og rydding. Men framleis arbeider vi for å styrkje landbruksnæringa i verdsarvområdet og i grendene som grensar mot området.
Foto Kristoffer Nærø Ytterland
Tilrettelegging for ferdsel i naturen
Den beste formidlinga om verdsarven skjer ute i naturen. Når du sjølv ser og opplever, er det lettare å forstå korleis det fine samspelet i verdsarven heng saman.
Vi har ansvaret for rydding, merking og skilting av turstiar, og på mange utfartspunkt har vi sett opp informasjonstavler som fortel om turane i området. Turar graderte etter vanskegrad finn du i turdatabasen www.morotur.no. Gode turtips finn du også i dei bygdenære turkarta våre, i turkart som kommunane våre har laga, eller i turboka Opptur Geirangerfjorden. Nokre turruter er lagde til rette slik at det skal vere lett å ta seg fram for dei fleste.
Vi formidlar òg informasjon om trygg og omsynsfull ferdsel.
Foto Katrin Blomvik
Samarbeid gjer oss sterke
Det er viktig for oss å ha eit godt forhold til lokalmiljøet vårt, kommunane våre, og regionale og statlege styresmakter. Vi samarbeider tett med både lokal forvaltar og Statens naturoppsyn i det daglege arbeidet vårt.
Vi har eit unikt samarbeid med og utfører administrative oppgåver for Storfjordens Venner, ei ideell foreining som har sett i stand mange av dei gamle veglause fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre.
Vi støttar også lokale stiftingar som Paktarstova, Severinbrauta og Notanaustet, som gjer eit viktig arbeid med å ta vare på kulturarven i området.
Både landbruksnæringa og reiselivsnæringa er viktige partnarar i arbeidet for verdsarven.
Foto Asgeir Kvernberg
Internasjonal samarbeid
Gjennom det internasjonale nettverket av verdsarvområde kan vi lære mykje og samstundes gi lærdom tilbake. Vi skal dele raust av dei beste erfaringane våre med verda rundt oss ved å ta del i nettverka gjennom UNESCO. Slik kan vi nå målet vårt om å verte eit internasjonalt miljøfyrtårn.
Vi er i dag med i eit nettverk av alle marine verdsarvområde gjennom eit program i regi av UNESCO. Her har vi knytt verdifulle kontaktar til verdsarvområde som deler utfordringar, truslar og moglegheiter med oss.
Gjennom deltakinga i det marine nettverket har vi utveksla erfaringar med fjordlandskapet Glacier Bay i Alaska om korleis vi best kan forvalte cruiseturismen, drive med formidling og utvikle lokal verdiskaping.
Foto Arkivfoto
Forsking og utvikling
Kunnskap er grunnlaget for å forstå. Naturlandskapet er i seg sjølv ein viktig del av formidlinga vår, men det er også viktig å byggje opp ny kunnskap om verdsarven og det som påverkar naturen her.
Vi har etablert eit langsiktig samarbeid med universitetet i Bonn om å måle luftkvaliteten i Geiranger. Forskingsprosjektet prøver å forstå korleis luftkvaliteten blir påverka av turismen i inst i Geirangerfjorden.
Vi får årleg ein rapport om luftkvaliteten, som stadfester tilstanden til verdsarvbygda. Prosjektet har avdekt høge utslepp av svevestøv og nitrogenoksid i periodar i sommarhalvåret. Resultata av forskinga vert nytta av forvaltninga til å innføre tiltak for å redusere utslepp til luft i verdsarvområdet.
Foto Merete Løvoll Rønneberg