Vilkår Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Vilkår for kjøp og deltaking på program/aktivitet arrangert av Stiftinga Geiranger Verdsarv. Dette gjeld program/aktivitetar som vert publisert på Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv sine nettsider, og som vert gjennomført til fastsette tider.
Stadfesting
- Bestilling er bindande når du har motteke skriftleg stadfesting frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv om motteken betaling.
- Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er då ansvarleg for å levere dei program/aktivitet du har bestilt, samtidig som du vert økonomisk ansvarleg for bestillinga.
- Når du gjer ei bestilling, stadfestar du samstundes har du har myndigheit til å akseptere på vegne av deg sjølv og ev reisefølge.
- Du akseptera ansvar for at innbetaling vert gjort til oss for alle reisande i ditt følgje.
- Du er sjølv ansvarleg for å kontrollere at reservasjon i er samsvar med bestilling.
- Du vil vere ansvarleg for at alle i ditt reisefølge vert fullt informert om kvar som er bestilt og om eventuelle endringar
Avbestilling
Du kan kansellere bestillinga di utan kostnad fram til 48 timar før aktivitet/program skal starte. Innbetalt beløp vert refundert fullt ut. For kansellering mindre enn 48 timar før gjennomføring av program/aktivitet, kan du ikkje forvente å få refusjon.
Klager
Eventuelle klager knytt til levering frå Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv må meldast skriftleg innan 5 dagar etter gjennomført program/aktivitet. Klager innlevert seinare enn denne fristen, vil ikkje gje grunnlag for økonomisk kompensasjon.
Utføring av program/aktivitet
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv forbeheld seg rett til å endre program/aktivitet grunna verforhold, eller andre forhold vi ikkje rår over. Alle program/aktivitetar kan verte endra eller kansellert grunna omsyn til sikkerheit. Dersom påmelding er under det minimumsantal personar som er oppgjeve, kan arrangør avlyse program/aktivitet og kansellere di bestilling.
Ved kansellering av arrangør vil innbetalt beløp verte refundert fullt ut. Du som har bestilt turen vert i all hovedsak kontakta per e-post som er brukt ved bestilling. Det er difor viktig du sjekkar din e-post jamleg for meldingar.
Ansvar
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har ansvarsforsikring gjennom vårt forsikringsselskap. Du og ev reisande i ditt følgje må som deltakarar i tillegg ha eigen reiseforsikring.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv kan ikkje haldast ansvarleg for tap og meirkostnader på grunn av forseinkingar utanfor vår kontroll. Døme på dette er streik, ulykker, sjukdom eller andre forhold som kjem inn under force majoure.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er ikkje ansvarleg for verdiar som du og ev reisande i ditt følgje tek med under program/aktivitet; som vesker, briller, kamera, telefon, klede mm.
Deltakar sine plikter
Du og ev reisande i ditt følgje er som deltakar ansvarleg for å vurdere om du er fysisk eller psykisk skikka for å delta på bestilt program/aktivitet. Du og ev reisande i ditt følgje må rette dykk etter ordensreglar og rettleiing som arrangøren gjev.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv forbeheld seg retten til å nekte deltaking på program/aktivitet dersom du og/eller ev reisande i ditt følgje vert vurdert å vere ein trugsel for tryggleiken. Dette gjeld anten for deg/dykk sjølve eller dei andre deltakarane. Det gjeld også dersom du/dykk opptrer slik at du/de er til stor sjenanse for dei andre deltakarane.
Du og ev reisande i ditt følgje stadfestar med din reservasjon at det ikkje er noko medisinske grunnar til å tvile på din/dykkar deltaking i program/aktivitet slik den er beskriven.
Instruksjonar frå arrangøren sitt personell skal overhaldast. I tilfelle der dette ikkje vert følgd, har arrangøren sitt personell, løyve til å avvise deg og/eller ev reisande i ditt følgje, frå vidare deltaking på program/aktivitet. I slike tilfelle vil du ikkje ha rett til refusjon.
I tilfelle der du og/eller ev reisande i ditt følgje etter eige ønskje avbryt deltaking i program/aktivitet, har du ikkje krav på refusjon.
Tvistar
Eventuelle tvistar mellom deg og/eller ev reisande i ditt følgje og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, er underlagt jurisdiksjonen til lokale domstolar der Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er lokalisert.