Støtt oss
Mange av oppgåvene Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv arbeider med, dreiar seg om å gi besøkande gode opplevingar i området.
Vi arbeider både med ivaretaking, skjøtsel og formidling. Det er omfattande arbeid, men viktig for at framtidige generasjonar skal kunne glede seg over den same natur- og kulturarven som oss. Dersom de vil støtte arbeidet vårt med ei pengegåve, er vi svært takksame.
De finn meir informasjon nedst på denne sida.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv arbeider for å formidle kunnskap om verdsarven og for å ta vare på dette unike området for framtida. Det er mogleg å støtte arbeidet vårt ved å donere midlar til prosjekt som vi arbeider med. Ta gjerne kontakt med oss for å få meir informasjon.
Kontonummer 3910 37 71629
IBAN NO60 3910 3771 629
BIC/SWIFT: SPARNO22XXX
Støtta av
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Stranda og Fjord kommune.