Heim - Opplev verdsarven

Opplev verdsarven

Vi oppmodar deg til å oppleve verdsarvnaturen sjølv. Høyr suset av elvane og bruset av fossane! Kjenn vinden mot kjakane når du går på tur i verdsarvnaturen! Sjå spor etter menneske som opp gjennom hundreåra har funne levebrødet sitt på dei mest utrulege stadene i den ville naturen.

Når du sjølv går ut i verdsarvnaturen, forstår du også fullt ut kor viktig det er å ta vare på både naturarven og kulturminna som gjer Geirangerfjorden med omland til eit så unikt område.

Det finst spennande turar i alle verdsarvbygdene, og du kan finne ein tur som passar for deg – både kortare og lett tilgjengelege turmål og lengre og meir krevjande turar.
Alle turane gir store natur- og kulturopplevingar.

MenyEnglish

Vel tur etter evne – gradering av turruter

Du kan finne flotte turar frå alle bygdene i Geirangerfjordområdet. Alle turrutene som er merkte, skal òg vere graderte etter den nasjonale standarden for turruter. Det er viktig at du set deg inn i kva dei ulike graderingane betyr. Då kan du lettare finne turar som passar for deg.

Oversynet nedanfor gjeld fotturar, men graderingsskalaen er den same også for skiturar, sykkelturar og padleturar

Grøn – enkel

Passar for nybyrjarar

  • krev ingen særlege ferdigheiter
  • kan gjennomførast av dei fleste
  • Ruter som er lagde til rette for rullestol og barnevogn, er markerte med eigne symbol.

Stigningsgrad og eksponering

  • moderate stigningar
  • ingen bratte parti

Type sti/rås

  • asfalt, grus, skogsvegar og gode råser
  • hovudsakleg kortare turar
  • relativt fast og jamt underlag, utan store hindringar eller kryssing av stor bekk

Høgdemeter og lengde

  • < 300 m
  • < 5 km

Blå – middels

Passar for turgåarar med litt erfaring i terreng

  • middels trena turgåarar
  • grunnleggjande ferdigheiter

Stigningsgrad og eksponering

  • moderate stigningar som kan innehalde nokre bratte parti
  • kan ha parti som vert oppfatta som luftige for folk med høgdeproblem

Type sti/rås

  • kan ha litt meir krevjande parti enn grøne turruter
  • kan vere steinete, men inga ur
  • berre enkel vading

Høgdemeter og lengde

  • < 600 m
  • < 10 km

Raud – krevjande

Passar for erfarne turgåarar

  • uthaldande personar
  • godt turutstyr og gode fjellsko
  • kunnskap om kart og kompass

Stigningsgrad og eksponering

  • fleire typar stigningar og utfordringar
  • fleire luftige og utsette parti
  • kan vere teknisk utfordrande med litt klyving og behov for å støtte med hendene

Type sti/rås

  • rås, ope terreng, stein, ur og snaufjell
  • kan ha bratte hellingar og lengre strekningar med laus stein og myr
  • kan måtte vade

Høgdemeter og lengde

  • < 1 000
  • < 20 km

Svart – ekspert

Passar for erfarne fjellfolk

  • uthaldande personar
  • godt turutstyr og gode fjellsko
  • kunnskap om kart og kompass

Stigningsgrad og eksponering

  • toppturar med bratte og vanskelege parti med ujamt underlag
  • luftige parti, og passasjar/parti med utsett klyving
  • smale egger, sva, ur osv.

Type sti/rås

  • lange turar på meir krevjande ruter enn «raud rås»
  • kan innehalde krevjande vading
  • Rutene er ikkje alltid merkte.

Høgdemeter og lengde

  • Inga makshøgde eller makslengde

Fotturar i Geirangerfjordområdet

Knapt nokon stad har så stor variasjon i turmål som dette området. Du kan rusle på sentrumsnære og lette stiar som Fossevandringa i Geiranger, Folkestien i Eidsdal eller Strandpromenaden og Bedringens veg i Valldal. I andre enden av skalaen kan du klive til topps på Slogen, den mest majestetiske av Sunnmørsalpane. Eller kanskje vil du gå Dronningruta over den luftige Holegga, frå Herdalssætra til Geiranger?

På turportalen www.morotur.no kan du finne gode turforslag til  mange turmål i verdsarvområdet med omland. Du finn turane ved å velje kommune først. Turar knytte til bygdene Geiranger, Sunnylven (Hellesylt), Stranda og Liabygda ligg under Stranda kommune. Turar knytte til bygdene Eidsdal, Norddal, Fjørå, Valldal og Tafjord ligg under Norddal kommune (snart Fjord kommune).

Vel tur etter evne. God tur!

Fossevandringa

Rett forbi Norsk Fjordsenter renn den praktfulle Storelva, som boltrar seg i fossar og stryk nedover dei fjellsidene mot fjorden. Vi kan nyte synet av det ville vatnet – og særleg den buldrande Storfossen – når vi går Fossevandringa frå Geiranger sentrum og opp til Norsk Fjordsenter og Hotel Union – eller ned. Fossevandringa består av 327 trappetrinn, med platå og luftige utsiktspunkt, og gir oss trygg nærkontakt med dei fasinerande kreftene i vatnet.

Vil du oppleve Fossevandringa saman med ein verdsarvguide?

Skiturar

Likar du å gå på ski? Kanskje synest du det er fint å kunne veksle mellom turski og langrennski og mellom alpinski og randonnee-ski? Då bør du besøke Geirangerfjordområdet på vinterstid.

På Strandafjellet ligg eit av dei flottaste skianlegga i Noreg, ettertrakta for dei som likar laussnøkøyring! Overøye skisenter i Stordal byr på både alpinanlegg og fleire mil med turløyper i slakt fjellterreng. Du finn flotte turløyper både på Løvoll i Eidsdal og på Litleåsen og fram til Rellingsætra i Norddal. Dersom forholda er bra, vert det òg køyrt løyper frå Korsmyra til Haugsetsætra og Gråsteindalen, tett ved Ørnevegen.

Her er mange flotte toppturar, men du må alltid vurdere faren for snøskred. Snakk med erfarne fjellfolk dersom du er i tvil. Vel tur etter evne!

Du finn konkrete tips om skiturar på www.morotur.no.

Trugeturar

Dersom du ikkje er så stødig på ski, er truger eit godt alternativ for å kome seg ut i vinterlandskapet. På truger kan du nå fleire av setrane i området, du kan kome deg til fine utsynspunkt eller berre rusle ein tur i skogen. Dersom du er retteleg sprek, kan du òg gå toppturar på truger. Dei fleste synest det er best å nytte skistavar når dei går på truger. Då er det lettare å halde balansen, og du har hjelp av stavane til å få meir framdrift.

Hugs at du alltid må sjekke skredfaren før du legg ut på turar i terreng som kan vere skredfarleg!

Kajakkopplevingar

Tenk å oppleve verdsarvfjordane frå ein kajakk: stille, fredfullt, vakkert. Det er flott å padle på både Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Kanskje kan du padle så langt at du legg inn eit besøk på ein av dei gamle fjordgardane?

Tryggleik er viktig når du padlar. Unngå leia til større båtar, sjølv om du har retten på di side. Det kan komme steinsprang frå bratte fjellsider; hald difor trygg avstand til land. Merk deg at det mange stader ikkje er mogleg å kome i land dersom du veltar. Ha alltid med naudsynt tryggleiksutstyr i kajakken og padle helst fleire saman.

Både i Geiranger og Valldal kan du leige kajakk og få med guide på tur, om du ønskjer. Også i Norddal er det mogleg å leige kajakk.

Reint og rått i vinterhalvåret

Opplev fossevandring langs ei islagd elv. Legg ut på fjordcruise gjennom snøkledde fjordlandskap. Sjå fossane Dei sju systrene og Friaren i vinterskrud. Prøv deg på trugeturar med mektig utsikt over verdsarvlandskapet. Leik i snøen med snørafting på gummiflåtar. Møt våren med sykkelturar mellom høge brøytekantar. Kom nær landskapet ved å leige el-bil med GPS-guide. Ro ned med spa og velvære.

Geirangerfjorden er spennande i vinterhalvåret. Gjennom Fjord Norge-satsinga «GoViking in the Fjords» ønskjer vi saman med lokalt næringsliv å tilby gjestene våre opplevingar som gjer at dei kan kome nærare naturen og naturkreftene i ei årstid då naturen viser eit villare, mektigare og råare ansikt.

Go Viking produktmanual

Tursekken Fjordheimen

Vi har utstyrt ein tursekk som du kan låne ved å betale eit depositum. I sekken finn du topografisk turkart og bygdenært turkart, førstehjelpsutstyr, to turkoppar og ein tollekniv. Der er òg eit lite hefte om viktige emne når du ferdast i naturen. Mat og drikke må du sjølv sørgje for å kjøpe med deg.

Du kan låne sekken frå Norsk Fjordsenter i Geiranger, Petrines Gjestgiveri i Norddal og Solvang camping i Eidsdal.

Ferdast trygt

Naturen i verdsarvområdet er vakker, men han er også vill og krevjande. Dersom du legg ut på turar du ikkje meistrar, kan det føre til leiteaksjonar, og i verste fall kan du setje ditt eige og andre sitt liv i fare. Vi ønskjer at alle som besøker verdsarven, skal få oppleve naturen på nært hald, men vi oppmodar deg til å følgje nokre viktige tryggleiksreglar:

  • Meld frå kvar du går.
  • Turar utanfor merkte stiar krev mykje fjellerfaring. Gjer trygge vegval!
  • Bruk sko som er eigna for terrenget.
  • Kle deg etter vêret. Ha med nok ekstra klede. Ver merksam på at vêret kan endre seg fort i fjellet. Det er (mykje) kaldare i høgfjellet enn i låglandet.
  • Kring elvar og fossefall er det alltid sleipt. Her er stor fare for å skli og falle!
  • Ver svært varsam i bratte skråningar, og særleg når underlaget er ustabilt (lav, grus, steinar osb.).
  • Ver ekstremt varsam dersom du går ut på høge hamrar og usikra utsynspunkt! Hugs òg du kan bli svimmel. Fall kan bli fatale.
  • Unngå bratte snørenner. Skal du gå på isbrear må du ha breutstyr. Her kan snø skjule djupe sprekker.
  • Ta med nok mat og drikke på lengre turar.
  • Lær deg å bruke kart og kompass.
  • Hugs naudnummer 113, men merk deg at det mange stader ikkje er mobildekning.

Fjordvettreglar

Vis omtanke der du ferdast

Hjelp oss å ta vare på gamle fjordgardar, setrar, steingardar og andre spor etter fortida. Dei har stor opplevingsverdi og gir fjordlandskapet ein viktig kulturell dimensjon.

  • Vis respekt og omtanke. Fjordgardane og setrane er privat eigedom. Kontakt grunneigaren dersom du ønskjer å sjå inn i husa.
  • Lat ting få stå i fred. Flytt ikkje på steinar eller murar, lag ikkje små byggverk.  Bruk ikkje av veden som er lagra på staden.
  • Bruk toalett der det finst, og gjer elles aldri frå deg i tun eller der andre ferdast.
  • Ta med deg all søppel heim.
  • Gjer aldri opp eld nær hus, heller ikkje eingongsgrillar. Bruk tilrettelagde bålplassar og sløkk grundig før du forlèt staden. Hugs forbodet mot eld i skogsmark i sommarhalvåret.

Oppdagar du noko graverande, set vi pris på at du melder frå til oss.

Alle har rett til å ferdast i skog og utmark

Retten til å ferdast fritt i skogen og på fjellet, etter elvar, langs strendene eller på fjorden – til å nyte eit godt friluftsliv – er ein del av kulturarven i Noreg. Med denne allemannsretten følgjer ei plikt til å ta omsyn til naturen, og friluftslova seier òg at du ikkje må opptre slik at du er til ulempe for andre.

Ferdselsretten gjeld ikkje i innmark,som dyrkamark, åker, eng, kulturbeite, hage og yngre plantefelt.

Hugs særleg på desse punkta:

  • Vis omsyn til naturen og til privat eigedom.
  • Set minst mogleg spor etter deg, følg råser og stiar, og rett deg etter ferdselsreglane i verneområda.
  • Telt må setjast opp minst 150 meter frå bustadhus eller hytte, men aldri på innmark.
  • Hugs at det er forbode å tenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september.
  • Vis omsyn til dyr som er på beite, og lukk grinder etter deg.
  • I dette området er bandtvangen utvida frå 1. april til 15. oktober av omsyn til beitedyr. Sjølv om det ikkje er bandtvang, pliktar du å ha kontroll på hunden din.
  • For å fiske i ferskvatn eller elvar må du ha fiskekort.

Vil du ha meir kunnskap om allemannsretten og friluftslova, kan du finne god informasjon her

Naturen er ikkje eit toalett

Det er ikkje kjekt å vere på tur dersom ein trakkar i toalettpapir og avføring, men mange stader er dette blitt eit problem. Følg desse gode råda dersom du likevel må på do i naturen:

  • Bruk dei toaletta som finst når du er på tur – også om du ikkje må. Det kan vere langt mellom toaletta.
  • Gå minst 60 meter bort frå stien, leirplassar og elvar og vatn. Grav eit hol i bakken som er minst 15–20 centimeter djupt, og gjer frå deg i holet. Bruk helst mose, lauv eller liknande til å tørke deg med. Må du bruke papir, skal det vere ubleika og uparfymert. Dekk over holet med jord, mose, lauv eller stein når du er ferdig.
  • Hugs alltid å vaske hendene godt etter toalettbesøk.
  • I område med mykje mineralhaldig jord, stein eller snø, bør du ha utstyr til å ta med deg avføringa di til eit skikkeleg toalett fordi nedbrytinga av stoffa går så sakte.

Hjelp oss å ta vare på naturen vår – ferdast sporlaust!