Heim - Fjordranger-program

Fjordranger-program

Fjordranger programmet er eit nyutvikla formidlingsprogram for Geirangerfjorden UNESCO verdsarvområde. Vi ønsker at du som besøker området vårt skal få dei beste opplevingane, og bli kjent med den ekte og eineståande verdsarven.
Fjordranger har stor kunnskap og deler gjerne raust med deg. Bli med på eit av programma våre og legg grunnlaget for meiningsfulle og nære opplevingar i vår felles verdsarv.

MenyEnglish

Fjordranger basecamp-program

Skreddarsydd utandørs aktivitetsprogram for interaktiv læring, utforsking og lagarbeid.

Er du nysgjerrig på fjordlandskapet og dei som bur her?
Bli med fjordrangeren vår på ei reise i tid. Sjå korleis isbreane og elvane har forma landskapet. Lær meir om mangfaldet av dyr og planter i verdsarvområdet, og om det skjøre biologiske samspelet. Gjennom lagarbeid og enkle aktivitetar er du med og byggjer din eigen, vesle fjordgard-bygning, og du får eit innblikk i korleis menneska har overlevd i dette vakre, men ville fjordlandskapet.

Bestill
Foto Hyke Studio

Varigheit: 1–2 timar (1 time utandørs, resten av tida kan nyttast fritt til å oppleve besøkssenteret)

Deltakarar: Minimum 4, maksimum 15

Tilgjengeleg: Alle dagar, men må bestillast seinast dagen før.

Stad: Besøkssenter verdsarv / Norsk Fjordsenter, utandørs. Ver kledd etter vêrforholda.

Inkluderer: Formidling ved ein fjordranger. Fjordranger-merke. Fri inngang på Besøkssenter verdsarv. Gratis wifi.

Bestilling grupper: booking@fjordsenter.com

Informasjon: +47 70 26 38 10

Fjordranger skipsprogram

Tenk å få segle inn verdsarvfjordane i selskap med ein kunnskapsrik og engasjert fjordranger! I skipsprogrammet fortel våre fjordrangerar sine historier frå den eineståande naturen ikring deg. Historiene tek deg med opp til fjellgarden på stupkanten. Du får høyre om skredfarar, og om havørna som seglar over skipet, om korleis dette landskapet vart til, og om menneska som bur her i dag.

Men kanskje er det beste dei personlege møta med fjordrangerane? Gjennom den gode samtalen kan rangerane svare på nett dine spørsmål, låne deg ein kikkert og vegleie deg til å oppleve det unike i verdsarvlandskapet.

Meir detaljar og forespurnad om tenesta
booking@fjordsenter.com
+ 47 70 26 38 10