Besøkssenter verdsarv i Geiranger
Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Utstillingane viser det spennande og særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av UNESCO i 2005.
Gjennom utstillingar og interaktive stasjonar får du kunnskap om dei geologiske prosessane som skapte fjordlandskapet, og du får sjå korleis landskapet er i dag. Du får også lære om det biologiske mangfaldet og korleis dyr og planter har tilpassa seg naturtypane her. Besøkssenteret har ei eiga utstilling og eit engasjerande aktivitetsrom for barn.
På besøkssenteret er det også ein triveleg kafé med gode smårettar og eit butikkutsal med vekt på berekraftige norske produkt.
Foto Kristoffer Nærø Ytterland
Hovudutstilling – Geirangerfjord natur og kultur
Kvifor er fjella så høge og fjorden så djup? Korleis klarte folk seg vinteren gjennom på ei einsam fjellhylle? Trivst det blomar der rasa går? Kva skjer når fjellskredet på Åknest går og flodbølgja kjem inn fjorden?
I hovudutstillinga får du sjå korleis det mektige landskapet blei til, og korleis naturkreftene framleis verkar på det. Du blir kjend med flora og fauna og får innsikt i dei små og store prosessane i naturen. På vandringa gjennom senteret går du hundre år tilbake i tid, opplever bygningar og gardsreiskapar, sjekkar korleis fjordabåten ruggar og får kjenne «gufset» frå snøfonna som sopar ned dei bratte fjellsidene.

Besøkande opplever hovudutstillinga som fortel om naturen og kulturen i Geirangerfjorden.
Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
Vår verdsarv UNESCO utstilling – Frå Noreg til verda
På Norsk Fjordsenter i Geiranger kan du oppleve utstillinga ‘Vår verdsarv’, som inviterer deg til å utforske dei åtte norske UNESCO-verdsarvstadene og deira plass i eit globalt nettverk av unike kultur- og naturverdiar.
Ho omfattar både ei utandørs og ei innandørs oppleving. Den utandørs utstillinga er alltid open for publikum, medan den innandørs byr på interaktive trekantforma installasjonar inspirerte av fjella og det norske landskapet.
Kva er verdsarv? Det er ei forplikting til å ta vare på kultur- og naturarv med universell verdi. Utstillinga skal fremje forståing på tvers av kulturar og grenser, og skape engasjement for å verne om vår verdsarv for komande generasjonar.
Saman formidlar utstillingane kunnskap om vern og beskyttelse – og peikar på utfordringane verdsarvstader verda over står overfor i dag.

Besøkande i alle aldrar kan utforske den norske verdsarven gjennom interaktive utstillingar på Norsk Fjordsenter
Foto: Hyke Studio
Fjordafolket – utandørs utstilling
Utstillinga Fjordafolket heidrar menn, kvinner og born som ein gong forma livet langs fjordane. Gjennom uttrykksfulle bronseskulpturar blir kvardagslivet levandegjort – frå tunge børelass med høy og stell av husdyr til oppvekst for born i avsides og krevjande omgjevnader. Dette er ei forteljing om motstandskraft, hardt arbeid og det nære samspelet mellom menneske og det dramatiske fjordlandskapet.
Prosjektet vart utvikla av Storfjordens Venner, ein foreining stifta i 1975 som har restaurert meir enn 150 fjordgardar og teke vare på kulturlandskap langs Storfjorden. Deira langsiktige arbeid bidreg til å bevare denne unike kulturarven, som er ein viktig del av Geirangerfjorden verdsarvområde. Les meir om Storfjordens Venner: her
Skulpturane vart laga av skulptør Ola Stavseng. Den 6. september 2025 vart utstillinga offisielt opna av H.M. Dronning Sonja.

Utstillinga «Fjordafolket» skildrar kvardagslivet og den sterke motstandskrafta på fjordgardane gjennom uttrykksfulle bronseskulpturar.
Foto: Ioannis Hoel-Zervas
Kinosal og auditorium
Gjennom ei biletreise i fjordlandskapet tek vi deg med gjennom verdsarvområdet i skiftande årstider. Stemningsfull musikk forsterkar dei vakre og dramatiske bileta. Her kan du roe deg heilt ned og kjenne deg i eitt med naturen, og du kan få ein god pause i eit travelt reiseprogram.
Vi utviklar med jamne mellomrom nye produkt som vi vil vise fram i den moderne kinosalen vår. Gled deg til desse! Salen har eit uvanleg stort boge lerret og solid framvisingsutstyr og eignar seg godt både til kulturopplevingar og konferansar. I salen er det hundre sitjeplassar plasserte i amfi, så her ser alle både lerret og scene godt.

Kinosalen på Norsk Fjordsenter viser storslåtte filmopplevingar frå Geirangerfjorden på eit bogelerret som gjev publikum kjensla av å vere midt i naturen.
Foto Rune Hagen
Fjordheimen – fantasifull læring for barn
Vi ønskjer å vere med på å gi barn og unge det beste grunnlaget for å skjøtte verdsarv-verdiane i framtida. I utstillinga frå Fjordheimen møter vi isbreane, elvane og steinane som artige skapningar: Gaute Gneis viser deg alle dei flotte steinvennene sine, og du kan krype inn i magen på Moder Mantel og høyre henne fortelje om korleis fjordlandskapet vart til.
Dette er ikkje berre ei utstilling, men mest av alt eit aktivitetsrom der du kan forske, leike, undre deg og kanskje lære noko nytt. Her prøver vi å la naturen sjølv fortelje.

Barn utforskar gjennom leik og aktivitetar i utstillinga – ei oppleving som vekkjer nysgjerrigheit og læringsglede.
Foto Kristoffer Nærø Ytterland
Skiftande utstillingar
I eit særprega lokale med utsyn rett mot fjorden har vi dei siste åra vist fram utvalde kunstutstillingar. Kunstutstillingane har tema som er knytte til verdsarven, natur eller kulturverdiar.
I eit anna rom viser vi fram varierte temautstillingar. Desse spenner over eit breitt spekter: Det kan vere ambulerande utstillingar knytte til aktuelle tema, utstillingar vi sjølve produserer, eller prosjekt vi har samarbeidd med skulane om. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har gode tips, eller kan vere ein samarbeidspartnar i eit utstillingsprosjekt.

Variert kunstuttrykk med både installasjonar og biletkunst gjennom året.
Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Kafè og butikk
Når inntrykka er mange, er det godt å setje seg ned på ein hyggeleg stad og nyte eit lite måltid. I kafeen vår får du kjøpe kaffi og anna god drikke, og nyte gode småretter laga av lokale råvarer.
Du kan også sikre deg ferdaminne frå verdsarven som du finn berre her. Når du gler deg sjølv eller dine kjære med ein slik suvenir, hjelper du oss også til å ta vare på og utvikle verdsarvområdet vidare.

Ein triveleg kafé med store vindauge mot naturen – eit fint stopp for mat, drikke og gode samtalar
Foto: Hyke Studio
Norsk Fjordsenter – Plassering og utområde
Norsk Fjordsenter ligg vakkert til på ei lita høgde over fjorden, i hjartet av Geiranger. Det er lett å kome seg hit med bil eller buss, og du kan òg nyte ei oppkvikkande elvevandring frå fjorden og opp til Besøkssenteret.
Fossevandringa er ei oppleving same kva årstid du kjem – det friske vatnet i elva og dei flotte trappene får det til å bruse i blodet. Vi har eit fint tilrettelagt uteområde med bålplass og leikeplass for barna. Her er ein natursti, du kan lage byggverk med hesjestaur, eller nytte volleyballbanen. Kanskje har du lyst å prøve deg på «Kubb» eller andre utespel?
Her er utandørs toalett som er opne heile døgnet i sommarhalvåret. På parkeringsplassen har vi ladestasjon for el-bil.
Norsk Fjordsenter ligg omtrent 1 km frå bygdesenteret med 327 trappetrinn og ein høgdeskilnad på 85 m.

Norsk Fjordsenter ligg vakkert til på ei høgde over fjorden, med utsyn mot Geiranger og fjordlandskapet rundt.
Foto: Hyke Studio