Opplev verdsarven
Vi oppmodar deg til å oppleve verdsarvnaturen sjølv. Høyr suset av elvane og bruset av fossane! Kjenn vinden mot kjakane når du går på tur i verdsarvnaturen! Sjå spor etter menneske som opp gjennom hundreåra har funne levebrødet sitt på dei mest utrulege stadene i den ville naturen.
Når du sjølv går ut i verdsarvnaturen, forstår du også fullt ut kor viktig det er å ta vare på både naturarven og kulturminna som gjer Geirangerfjorden med omland til eit så unikt område.
Det finst spennande turar i alle verdsarvbygdene, og du kan finne ein tur som passar for deg – både kortare og lett tilgjengelege turmål og lengre og meir krevjande turar.
Alle turane gir store natur- og kulturopplevingar.
Foto Martin Kristoffersen
Vel tur etter evne – gradering av turruter
Du kan finne flotte turar frå alle bygdene i Geirangerfjordområdet. Alle turrutene som er merkte, skal òg vere graderte etter den nasjonale standarden for turruter. Det er viktig at du set deg inn i kva dei ulike graderingane betyr. Då kan du lettare finne turar som passar for deg.
Oversynet nedanfor gjeld fotturar, men graderingsskalaen er den same også for skiturar, sykkelturar og padleturar

Skilt viser graderte turstiar som gjer det lett å velje rute etter evne i Geirangerfjorden verdsarvområde. Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Fotturar i Geirangerfjordområdet
Knapt nokon stad har så stor variasjon i turmål som dette området. Du kan rusle på sentrumsnære og lette stiar som Fossevandringa i Geiranger, Folkestien i Eidsdal eller Strandpromenaden og Bedringens veg i Valldal. I andre enden av skalaen kan du klive til topps på Slogen, den mest majestetiske av Sunnmørsalpane. Eller kanskje vil du gå Dronningruta over den luftige Holegga, frå Herdalssætra til Geiranger?
På turportalen www.morotur.no kan du finne gode turforslag til mange turmål i verdsarvområdet med omland. Du finn turane ved å velje kommune først. Turar knytte til bygdene Geiranger, Sunnylven (Hellesylt), Stranda og Liabygda ligg under Stranda kommune. Turar knytte til bygdene Eidsdal, Norddal, Fjørå, Valldal og Tafjord ligg under Norddal kommune (snart Fjord kommune).
Vel tur etter evne. God tur!

Fjellturar med storslått utsikt over fjellvatn og fjordlandskap. Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Droneflyging i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland
Det er FORBOD mot droneflyging innafor grensene til Geiranger – Herdalen landskapsvernområde. All bruk av droner (både til kommersiell, og privat bruk) er søknadspliktig. Ein ev. søknad må rettast til Verneområdestyret for Geiranger – Herdalen landskapsvernområde. For areala utanfor verneområdet og innafor verdsarvområdet (bygda Geiranger og sjøarealet i Tafjorden), så gjeld Luftfartstilsynet sine reglar for bruk av droner.
Sjå på kartet av landskapsvernområde her: KARTET TIL LANDSKAPSVERNOMRÅDE
Fossevandringa
Rett forbi Norsk Fjordsenter renn den praktfulle Storelva, som boltrar seg i fossar og stryk nedover dei fjellsidene mot fjorden. Vi kan nyte synet av det ville vatnet – og særleg den buldrande Storfossen – når vi går Fossevandringa frå Geiranger sentrum og opp til Norsk Fjordsenter og Hotel Union – eller ned. Fossevandringa består av 327 trappetrinn, med platå og luftige utsiktspunkt, og gir oss trygg nærkontakt med dei fasinerande kreftene i vatnet.
Vil du oppleve Fossevandringa saman med ein verdsarvguide?

Besøkande følgjer trappene langs elva på fossevandring i Geiranger. Foto: Finn Loftesnes
Nasjonal turiststi, Fosseråsa
Fosseråsa vart autorisert som den første Nasjonale turiststien i Noreg i 2019. Rås er det lokale namnet på sti. Råsa tek deg frå sentrum i Geiranger og heilt opp til Storsæterfossen 550 meter over havet. Undervegs får du rike naturopplevingar tett på dei ville vasskreftene, i lune lauvskoglier og i idylliske kulturlandskap.
Råsa har ei naturleg tredeling. Den første etappen er Fossevandringa opp til Norsk Fjordsenter. Deretter går du opp lia til Vesterås gard. Her slyngjer stien seg oppover, og sherpaer har gjort ein flott jobb med å steinsetje fleire parti. Kanskje ser du eit ekorn eller ein hjort, og om våren utgjer småfuglane eit lite orkester.
Den siste etappen går opp til Storsæterfossen, staden der du kan gå bakom sjølve fossefallet, kjenne spruten frå utemde vassdropar og drønnet frå ville krefter. Mektig natur!
Les meir på https://morotur.no/tur/fosseraasa-nasjonal-turiststi

Turgåarar ved Storsæterfossen – eit høgdepunkt langs Fosseråsa, ein nasjonal turiststi. Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Skiturar
Likar du å gå på ski? Kanskje synest du det er fint å kunne veksle mellom turski og langrennski og mellom alpinski og randonnee-ski? Då bør du besøke Geirangerfjordområdet på vinterstid.
På Strandafjellet ligg eit av dei flottaste skianlegga i Noreg, ettertrakta for dei som likar laussnøkøyring! Overøye skisenter i Stordal byr på både alpinanlegg og fleire mil med turløyper i slakt fjellterreng. Du finn flotte turløyper både på Løvoll i Eidsdal og på Litleåsen og fram til Rellingsætra i Norddal. Dersom forholda er bra, vert det òg køyrt løyper frå Korsmyra til Haugsetsætra og Gråsteindalen, tett ved Ørnevegen.
Her er mange flotte toppturar, men du må alltid vurdere faren for snøskred. Snakk med erfarne fjellfolk dersom du er i tvil. Vel tur etter evne!
Du finn konkrete tips om skiturar på www.morotur.no.

Toppturar på ski i fjordlandskapet gjev vid utsikt over snødekte fjell og ei ekte vinteroppleving. Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Trugeturar
Dersom du ikkje er så stødig på ski, er truger eit godt alternativ for å kome seg ut i vinterlandskapet. På truger kan du nå fleire av setrane i området, du kan kome deg til fine utsynspunkt eller berre rusle ein tur i skogen. Dersom du er retteleg sprek, kan du òg gå toppturar på truger. Dei fleste synest det er best å nytte skistavar når dei går på truger. Då er det lettare å halde balansen, og du har hjelp av stavane til å få meir framdrift.
Hugs at du alltid må sjekke skredfaren før du legg ut på turar i terreng som kan vere skredfarleg!

Trugeturar let deg utforske vinterlandskapet, med vid utsikt over fjell og dalar kring Geiranger. Foto: Martin Kristoffersen
Kajakkopplevingar
Tenk å oppleve verdsarvfjordane frå ein kajakk: stille, fredfullt, vakkert. Det er flott å padle på både Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Kanskje kan du padle så langt at du legg inn eit besøk på ein av dei gamle fjordgardane?
Tryggleik er viktig når du padlar. Unngå leia til større båtar, sjølv om du har retten på di side. Det kan komme steinsprang frå bratte fjellsider; hald difor trygg avstand til land. Merk deg at det mange stader ikkje er mogleg å kome i land dersom du veltar. Ha alltid med naudsynt tryggleiksutstyr i kajakken og padle helst fleire saman.
Både i Geiranger og Valldal kan du leige kajakk og få med guide på tur, om du ønskjer. Også i Norddal er det mogleg å leige kajakk.

Kajakkpadling på stille fjordvatn gjev nærkontakt med bratte fjell og den fredelege strandlina i verdsarvområdet. Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Utleige av vinterutstyr
Er du i Geiranger eller planlegg eit besøk og manglar vinterutstyr? Hos Norsk Fjordsenter kan du no få leige det du treng for å halde deg varm og prøve artige vinteraktivitetar. GoViking-produkta er tilpassa den norske vinteren, slik at du kan oppleve eit vinterkledd Geiranger på ein komfortabel måte. Du kan velje i følgande utstyr:
- Thermodress
- Truger
- Broddar
- Stavar
- Langrennsski med stavar og sko
- Spark med eller utan plastmeier
- Rattkjelke
Ta kontakt på post@verdsarvfjord.no så hjelper vi deg!

Trugeturar tek deg høgt over Geirangerfjorden, med vid utsikt over fjell og dalar rundt. Foto: Martin Kristoffersen
Ferdast trygt
Naturen i verdsarvområdet er vakker, men han er også vill og krevjande. Dersom du legg ut på turar du ikkje meistrar, kan det føre til leiteaksjonar, og i verste fall kan du setje ditt eige og andre sitt liv i fare. Vi ønskjer at alle som besøker verdsarven, skal få oppleve naturen på nært hald, men vi oppmodar deg til å følgje nokre viktige tryggleiksreglar:
- Meld frå kvar du går.
- Turar utanfor merkte stiar krev mykje fjellerfaring. Gjer trygge vegval!
- Bruk sko som er eigna for terrenget.
- Kle deg etter vêret. Ha med nok ekstra klede. Ver merksam på at vêret kan endre seg fort i fjellet. Det er (mykje) kaldare i høgfjellet enn i låglandet.
- Kring elvar og fossefall er det alltid sleipt. Her er stor fare for å skli og falle!
- Ver svært varsam i bratte skråningar, og særleg når underlaget er ustabilt (lav, grus, steinar osb.).
- Ver ekstremt varsam dersom du går ut på høge hamrar og usikra utsynspunkt! Hugs òg du kan bli svimmel. Fall kan bli fatale.
- Unngå bratte snørenner. Skal du gå på isbrear må du ha breutstyr. Her kan snø skjule djupe sprekker.
- Ta med nok mat og drikke på lengre turar.
- Lær deg å bruke kart og kompass.
- Hugs naudnummer 113, men merk deg at det mange stader ikkje er mobildekning.

Stopp opp, planlegg og fyll på – den smarte måten å ferdast trygt på i Geirangerfjorden verdsarvområde. Foto: Merete Løvoll Rønneberg
Fjordvettreglar
Vis omtanke der du ferdast
Hjelp oss å ta vare på gamle fjordgardar, setrar, steingardar og andre spor etter fortida. Dei har stor opplevingsverdi og gir fjordlandskapet ein viktig kulturell dimensjon.
- Vis respekt og omtanke. Fjordgardane og setrane er privat eigedom. Kontakt grunneigaren dersom du ønskjer å sjå inn i husa.
- Lat ting få stå i fred. Flytt ikkje på steinar eller murar, lag ikkje små byggverk. Bruk ikkje av veden som er lagra på staden.
- Bruk toalett der det finst, og gjer elles aldri frå deg i tun eller der andre ferdast.
- Ta med deg all søppel heim.
- Gjer aldri opp eld nær hus, heller ikkje eingongsgrillar. Bruk tilrettelagde bålplassar og sløkk grundig før du forlèt staden. Hugs forbodet mot eld i skogsmark i sommarhalvåret.
Oppdagar du noko graverande, set vi pris på at du melder frå til oss.

Alle har rett til å ferdast i skog og utmark
Retten til å ferdast fritt i skogen og på fjellet, etter elvar, langs strendene eller på fjorden – til å nyte eit godt friluftsliv – er ein del av kulturarven i Noreg. Med denne allemannsretten følgjer ei plikt til å ta omsyn til naturen, og friluftslova seier òg at du ikkje må opptre slik at du er til ulempe for andre.
Ferdselsretten gjeld ikkje i innmark,som dyrkamark, åker, eng, kulturbeite, hage og yngre plantefelt.
Hugs særleg på desse punkta:
- Vis omsyn til naturen og til privat eigedom.
- Set minst mogleg spor etter deg, følg råser og stiar, og rett deg etter ferdselsreglane i verneområda.
- Telt må setjast opp minst 150 meter frå bustadhus eller hytte, men aldri på innmark.
- Hugs at det er forbode å tenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september.
- Vis omsyn til dyr som er på beite, og lukk grinder etter deg.
- I dette området er bandtvangen utvida frå 1. april til 15. oktober av omsyn til beitedyr. Sjølv om det ikkje er bandtvang, pliktar du å ha kontroll på hunden din.
- For å fiske i ferskvatn eller elvar må du ha fiskekort.
Vil du ha meir kunnskap om allemannsretten og friluftslova, kan du finne god informasjon her
Naturen er ikkje eit toalett
Det er ikkje kjekt å vere på tur dersom ein trakkar i toalettpapir og avføring, men mange stader er dette blitt eit problem. Følg desse gode råda dersom du likevel må på do i naturen:
- Bruk dei toaletta som finst når du er på tur – også om du ikkje må. Det kan vere langt mellom toaletta.
- Gå minst 60 meter bort frå stien, leirplassar og elvar og vatn. Grav eit hol i bakken som er minst 15–20 centimeter djupt, og gjer frå deg i holet. Bruk helst mose, lauv eller liknande til å tørke deg med. Må du bruke papir, skal det vere ubleika og uparfymert. Dekk over holet med jord, mose, lauv eller stein når du er ferdig.
- Hugs alltid å vaske hendene godt etter toalettbesøk.
- I område med mykje mineralhaldig jord, stein eller snø, bør du ha utstyr til å ta med deg avføringa di til eit skikkeleg toalett fordi nedbrytinga av stoffa går så sakte.
Hjelp oss å ta vare på naturen vår – ferdast sporlaust!