Heim - Fjord Ranger Opplevingar

Fjord Ranger Opplevingar

Fjord Rangarane formidlar verdsarven i Geirangerfjorden gjennom kunnskap, engasjement og gode naturopplevingar. Dei tek med familiar, grupper og andre interesserte besøkande ut i fjordlandskapet. Der deler dei historier, lokalkunnskap og levande tradisjonar. Kvar Fjord Rangar har sine eigne interessefelt – frå geologi og brear til dyreliv og kulturarv – difor gir kvart møte nye perspektiv på verdsarven.

Frå fjorden til fjellet – nedanfor finn du aktivitetar og stader der du kan møte Fjord Rangarane våre.

Meny

Foto Hyke Studio

Kven er Fjord Rangarane?

Fjord Rangarane er formidlarar av natur, kultur og lokalhistorie. Som ambassadørar for UNESCO-verdsarven i Geirangerfjorden, deler dei kunnskap og skaper engasjement for naturen, kulturen og menneska som høyrer til i fjordlandskapet.

Med kunnskap om natur, kultur og lokale tradisjonar gir Fjord Rangerane besøkande eit nærare møte med verdsarven – både fortida og landskapet slik det er i dag. Dei gjer fagkunnskap og tradisjonar levande gjennom historiene sine, og dei tilpassar opplevingar for alle.

Sjå etter Fjord Rangar-hatten! -Der finn du nokon som gjerne deler kunnskapen og historiene sine med deg.

Alle Fjord Rangarane er autoriserte av Norsk Fjordsenter – Besøkssenter verdsarv Geirangerfjord.

Foto Hyke Studio

Fjord Rangar ombord

Opplev fjordane med ein Fjord Rangar om bord, og bli betre kjent med historiene bak verdsarvlandskapet.

Frå det dramatiske landskapet og den aktive geologien til dyrelivet, naturen og menneska som har busett seg langs fjordane – Fjord Rangarane gir deg eit nærare innblikk i kreftene og faktorane som har forma området. Slik blir reisa meir enn berre transport, men eit møte med natur, kultur og historie. Undervegs er Fjord Rangaren tilgjengelege for spørsmål og samtalar.

På kvar tur har Fjord Rangarane med seg ulike formidlingsverktøy. Her kan du utforske, ta på og studere nærare, mellom anna naturkassa vår, skinn, bergartar og andre gjenstandar som gir eit djupare innblikk i naturen og verdsarven.

Er du turoperatør og ønskjer ein Fjord Rangar om bord, kan du sende oss ein førespurnad på: post@verdsarvfjord.no

Foto Hyke Studio

Fjord Ranger Fossevandring – Norsk Fjordsenter

Bli med ein Fjord Rangar frå Geiranger sentrum, forbi dei gamle nausta og vidare opp langs Fossevandringa. Undervegs får du oppleve korleis geologi, natur og kultur heng saman i fjordlandskapet.

Høyr om korleis vatn og isbrear har forma fjell og landskap, og korleis generasjonar har levd, arbeidd og tilpassa seg livet ved fjorden. Gjennom historier og fagkunnskap tek Fjord Rangaren deg med på ei vandring gjennom både natur- og kulturhistoria.

Turen endar ved Norsk Fjordsenter – Besøkssenter verdsarv Geirangerfjord, og inngang til utstillingane er inkludert i turen.

Foto Hyke Studio

Junior Ranger Naturaktivitetar

Bli med på Junior Rangar Naturaktivitetar, der leik, læring og utforsking går hand i hand. Aktivitetane kan variere frå dag til dag. Kanskje utforskar vi bergartar og brear, lærer om lokale planter og dyr, prøver å byggje tradisjonelt grindverk, eller testar andre praktiske aktivitetar frå Fjord Rangar-verktøykassa vår.

Gjennom leik og utforsking får borna bli betre kjende med naturen, kulturen og verdsarven kring Geirangerfjorden. Ei lærerik og morosam oppleving for barn og familiar, og for alle som er unge til sinns.

Vi kan også tilpasse opplegget for skuleklassar, med aktivitetar og tema knytte til naturen, kulturen og verdsarven

Children examining rocks and minerals with a Fjord Ranger during a hands-on geology activity in Geiranger, Norway.

Foto Hyke Studio

Park Rangarar

Park Rangarane våre arbeider med skjøtseloppgåver knytt til fjordlandskapet. Slik er dei viktige bidragsytarar for å ta vare på verdiane som ligg til grunn for verdsarven, og samstundes gjer dei naturen meir tilgjengeleg for besøkande.

Gjennom arbeidet kjem Park Rangarane tett på verdsarvlandskapet, frå fjell til fjord. Oppgåvene spenner frå vedlikehald og utbetring av stiar, skjøtsel av kulturlandskapet og fjerning av framande artar, til praktisk arbeid som trengst ute i området.  Dei prøver også å halde landskapet fritt for søppel, men akkurat dette er eit ansvar som kviler på oss alle: Ta med søpla di heim!

 Gjennom arbeidet ute i landskapet bidreg Park Ranger også til å oppdage behov for vedlikehald, og dei kan dokumentere endringar som skjer i terrenget. Slik får vi betre oversyn på om tilstanden i verdsarven endrar seg, og korleis han eventuelt endrar seg.

Foto Merete Løvoll Rønneberg