Streif i fjordlandskap

Inst inne i dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda stig Sunnmørsal-pane bratt opp. På fjellhyller høgt over fjordspegelen har folk rydda seg åkerlappar, bygd husa sine, og klora seg fast. Dette makelause landskapet kom på UNESCO si verdsarvliste i 2005 saman med Nærøyfjorden.

Dronning Sonja har stadig vendt attende til det vestnorske fjordlandskapet for å vandre i fjella her. Med skildringane av heimtraktene sine, har Ørnulf Opdahl fornya norsk land-skapsmåleri. Kjærleiken til kunsten og til den rå vestlandsnaturen har ført dei to saman, og i år gir dei ut boka «Streif i fjordlandskap» ilag. Boka er rikt illustrert med foto og måleri, og gir att samtalar der dei to reflekterer over spora etter menneska som har levd liva sine i dette landskapet.

Samstundes deler Dronninga og Opdahl tankar om korleis dei sjølve tek med seg naturinntrykka inn i kunsten. Boka bygg på «Klangbunn» som kom ut i 2002, men er sterkt utvida med fleire foto frå turane Dronninga har hatt i dette området, og med Ørnulf Opdahl sine akvarellar og måleri frå tindar, fjell og brear på Sunnmøre. Det er foto og akvarellar knytt til dette boksamarbeidet du kan nyte i denne vakre utstillinga.

Kunst i utstillinga
1. Tur opp fra Knivsflå til 450 m over havet
2. Antarktisk
3. Antarktisk
4. Kolåstind, variant 5 Slogen, variant 6 Slogen, variant 7 Kolåstind, variant 8 Lysintrykk
9 Lyset i fjorden
0 Fjordlandskap
11 Foss. Skotet
12 Kallskaret
13 Tåke i fjellet
14 Våte dag
15 Foss og tre
16 En båt på vannet
17 Speiling. Storfjorden
18 Fjellvann
19 Kolåstind
20 Bre II
21 Rødt tak. Knivsflå
22 Låven på Me-åkerneset
23 Interiør låven. Me-åkerneset
24 Gjenskinn I
25 Lys og skygge
26 Sol og skygge
27 Tind
28 Tind
29 Foss. Knivsflå
30 Dam. Tafjord
31 Bre I
32 Fjordlandskap
33 Knivsflå
34 Utsikt fra Holegga (1580 moh) m

«Hvorfor synes vi noe natur er vakrere enn annen natur?
Jeg tror dette er fordi den taler til noe i deg selv, til personligheten din, til ditt sanseapparat – til hjertet ditt, faktisk.
Det kan være farger og kombinasjoner, som når du for eksempel ser grønnfarger sammen. Du får et lite sjokk over hvor fint det er.»
– H.M. Dronning Sonja

Last ned brosjyren til utstillinga: her