MenyEnglish

Velkomen til verdsarven og besøkssenteret vårt i Geiranger

Norsk Fjordsenter er eit levande besøks- og formidlingssenter for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap – det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane.

Bestilling

Du kan kjøpe billett til eit besøk på Norsk Fjordsenter samstundes som du bestiller båtreisa di til Geiranger eller andre opplevingar i verdsarvområdet.

Booking

Besøkssenter verdsarv

Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenter for Vestnorsk fjordlandskap og for Geirangerfjorden verdsarvområde. Utstillingane viser det spennande og særeigne fjordlandskapet som fekk verdsarvstatus av UNESCO i 2005.

Om verdsarven

Det var naturkvalitetane som gjorde at Vestnorsk fjordlandskap i 2005 blei skrive inn på UNESCO-lista over kultur- og naturarvstader i verda. Dette verdsarvområdet omfattar både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Dei to fjordlandskapa viser eit breitt spekter av landskapsformer knytte til dei inste delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Mange reknar fjordområda som dei vakraste på kloten, og landskapa er lite påverka av menneskeleg aktivitet.

Opplev verdsarven

Vi oppmodar deg til å oppleve verdsarven: Høyr suset av fossane. Kjenn lukta av skog og mose. Bruk auga – kanskje ser du hjorten i skogkanten eller nisene som leikar i fjorden? Besøk fjordgardane og sjå spor etter menneska som fann levebrødet sitt på dei mest utrulege plassar.

Når du sjølv går ut i verdsarvnaturen, er det lettare å forstå kor viktig det er å ta vare på den eineståande natur- og kulturarven.

Arbeidet vårt

Har du tenkt på kor fantastisk det er at noko er ein verdsarv – at det er så verdifullt at det høyrer heile verda til? At det er ditt og mitt, og at vi alle har eit ansvar for å ta vare på det?

Stiftinga Geirangerfjorden verdsarv har ei stor og mangfaldig oppgåve som omfattar å drive formidlingsarbeid og kompetanseutvikling for å verne og bevare naturarven; å vere ei drivkraft for ei berekraftig utvikling. Vi ønskjer å vise korleis vi kan ferdast på meir miljøvennlege måtar; å formidle kunnskap om og vise fram området til både lokale og internasjonale gjester; å vere ein arena for vitskapleg forsking på området; å vere ein premissleverandør overfor ulike styringsorgan.

Grøn fjord

Korleis skal vi ta vare på det sårbare verdsarvområdet samtidig som vi tek imot stadig fleire gjester? Grøn fjord er ei samarbeidsrørsle for å skape ei berekraftig utvikling av menneskeleg aktivitet i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland.Den ambisiøse visjonen for samarbeidet er «sporlaus ferdsel». Til no er over 90 enkeltpersonar, bedrifter og styringsorgan partnarar i Grøn fjord.