Heim - Grøn fjord

Grøn fjord

Vi ønskjer å ta vare på det sårbare verdsarvområdet samtidig som vi tek imot gjester som vil oppleve naturen. Grøn fjord er ei samarbeidsrørsle for å skape ei berekraftig utvikling av menneskeleg aktivitet i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland.

Den ambisiøse visjonen for samarbeidet er «sporlaus ferdsel». Til no er over 90 enkeltpersonar, bedrifter og styringsorgan partnarar i Grøn fjord, og målet er å få med endå fleire i merkevaren «Eit reint meisterverk». Vi vil arbeide for å redusere og fjerne negative fotavtrykk etter menneskeleg verksemd og ta vare på og fremje kvalitetar i natur, kultur og miljø.

Vil du vere med på å påverke utviklinga i Grøn fjord, bør du bli partnaren vår!

MenyEnglish

Grøn fjord-konferansen

Møteplassar inspirerer og skaper grobotn for læring. Grøn fjord-konferansen blir arrangert kvart andre år, og der blir det nyaste innanfor klima- og miljøvennleg teknologi og løysingar for ferdsel og utvikling på fjord og land presentert. Under konferansen utfordrar vi både forvaltninga og næringslivet til å bidra for å få ei meir berekraftig utvikling av verdsarvfjordane. Fagfolk frå forskingsmiljøa, miljømerkeordningane, verkemiddelapparatet og forhandlarar av teknologiske løysingar deler kunnskap med oss.

Grøn fjord-konferansen 2020

Takk til alle foredragshaldarar, samarbeidspartnarar og deltakarar for at dere bidrog til eit spennande innhald, lærerike tema, gode samtalar og ny inspirasjon under Grøn fjord Konferansen 2020. Årets tema var: «Betyr klimavennlege verdsarvfjordar, tomme fjordar og fråflytting, eller kan det gi oss nye forretningsmodellar, arbeidsplassar og meir berekraftige lokalsamfunn?»

Tida framover mot 2030 vil truleg fordre eit enno sterkare samarbeid mellom partnarane våre, for å kunne nå FN sine globale mål for ei berekraftig framtid. Vi vil difor arrangere Grøn fjord Konferansen årleg i åra som kjem, nettopp for å halde tritt med ei grådig spennande og utfordrande framtid. Under finner du aktuelle presentasjonar frå Grøn fjord Konferansen 2020.

Tusen takk til våre berekraftspartnarar Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune og Miljødirektoratet for økonomisk støtte til gjennomføringa av konferansen!

Velkommen tilbake i 2021!

Program Grøn fjord konferansen 2020

Presentasjonar frå dag 1.
Arild Molstad
Carnival Group – Sandra Diana Bratland
Corvus Energy – Kristian Holmefjord
Distriktssenteret – Inga Skavhaug
Glacier Bay National Park and Preserve – Phillip M. Hooge
Gron fjord mot 2030 – Katrin Blomvik Bakken
Havyard – Kristian Osnes
Prosjekt Fellesgodefinansiering – Ståle Barndshaug
SUSTRANS – Dina Margrethe Aspen
Tango Seaweed – Annelise Chapman
The Fjords DA – John Vonli

Presentasjonar frå dag 2.
AiR Geiranger – Hilde Meråk og Oda Solum Sønstebø
ARIM – Ingeborg Ukkelberg
Bonseye – Frank og Ole Hjalmar Bonsaksen
Fjord Guiding AS – Kjetil Hantveit
Fjord Oslo – Anastasia Isachsen
Fjord Tour Group – Kristian Jørgensen

Partnarar – «Eit reint meisterverk»

Gjennom den forpliktande partnarskapen «Eit reint meisterverk» kan verksemder, organisasjonar og kommunar vere med på å fremje visjonen om «sporlaus ferdsel». Partnarar som er miljøsertifiserte, får bruke kvalitetsmerket «Eit reint meisterverk» når dei profilerer verksemda si. Vilkåret er at dei tilfredsstiller standarden for miljøsertifisering der dette finst.

Som partnar får du vere med på å påverke korleis vi skal utvikle den fremste reiselivsmerkevaren i Noreg, du får ta del i eit kompetansenettverk, og du får støtte og rådgiving til miljøsertifisering.

Miljøfyrtårn, sertifiserte verksemder

Miljøfyrtårn er eit system for miljøleiing i offentlege og private verksemder som ønskjer å dokumentere miljøinnsatsen sin. Formålet med ordninga er å få offentlege verksemder og små og mellomstore bedrifter til å opptre meir miljøvennleg og handle meir miljøbevisst. Verksemder og bedrifter som ønskjer å bli sertifiserte som Miljøfyrtårn, må tilfredsstille krav til energibruk, avfallshandtering, transport, innkjøp og arbeidsmiljø; og dei må gjennomføre tiltak for å skape ei meir miljøvennleg drift og eit godt arbeidsmiljø. Stiftinga Miljøfyrtårn vart etablert i 2003.

Vi tilrår dei miljøsertifiserte partnarane våre:

  • Brasserie Posten AS, Geiranger
  • Emobility AS, Geiranger
  • Fjellgarden Gjæra, Norddal
  • Frøysa Restaurantdrift , Geiranger
  • Geiranger Hotelldrift AS, Geiranger
  • Geiranger Sjokolade AS, Geiranger
  • Geiranger Skysslag AS, Geiranger
  • Geiranger Utvikling AS, Geiranger
  • Hotel Union Geiranger, Geiranger
  • Joker Geiranger – Br. Maraak, Geiranger
  • Melchiorgarden, Norddal
  • Meretes Garden, Valldal
  • Norddal kommune, Valldal
  • Petrines Gjestgiveri AS, Norddal
  • Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Geiranger
  • Stiftinga Paktarstova, Norddal
  • Storfjord Bladlag AS, Valldal
  • Stranda Vidaregåande skule – Møre og Romsdal Fylkeskommune, Stranda
  • Sunnmøre Regionråd IKS, Ålesund
  • Trollbinding AS, Valldal
  • Valldal Aktivitetspark AS, Valldal
  • Villa Norangdal, Hellesylt
  • Westerås Gard, Geiranger
  • ÅRIM IKS, Ålesund