Grøn fjord-konferansen blir arrangert for fjerde gong i 2020. Stortinget vedtok i 2018 at all skipsfart i verdsarvfjordane skal vere utsleppsfrie frå 2026. Det fører til at ingen store cruiseskip vil få lov til å segle inn til Geiranger eller Flåm frå dette året. Korleis skal vi sikre at verdiskapinga i små bygdesamfunn ikkje forvitrar og fell bort? Stortingsambisjonen om utsleppsfrie verdsarvfjordar blir sjølvsagt behandla på konferansen saman med andre spennande tema som ny verdiskaping heile året og berekraftig utvikling av lokalsamfunn. Datoane er 12. og 13. februar 2020!