STILLINGSUTLYSING
FJORD RANGER & PARK RANGER
med verdsarven kring Geirangerfjorden som arbeidsstad
Vi er på jakt etter 1–2 personar som kan arbeide fleksibelt med formidling på dei ulike programma våre, og/eller gjere ulike former for skjøtselsarbeid.
Vi ser etter deg som
-
Beherskar godt engelsk, og svært gjerne tysk. Fleire språk er ein fordel.
-
Er sørvisinnstilt, fleksibel og utåtvendt
-
Er praktisk, trivst med fysisk arbeid
-
Er effektiv, sjølvstendig, men også flink å samarbeide
-
For nokre oppgåver krevst grei fysisk form.
Ivaretaking av verdsarvverdiane – natur og kultur – er grunnleggjande i arbeidet vårt. Kompetanse knytt til natur, forvaltning, kulturlandskap er positivt, men ikkje eit krav. Prosjektstilling(ar) for sommarsesongen med løn etter avtale.
Søknadsfrist: 20. mars 2026
Meir informasjon/søknad sendast til merete@verdsarvfjord.no
Tlf. 99 37 65 85