🤔 Trur du det ikkje finst noko å finne på med barn i Geiranger?
Tenk om att! 😍👇
Her er 7 gøyale opplevingar som heile familien kjem til å hugse:
1. Prøv vår nye natursti til Westerås Gard
Start ved Norsk Fjordsenter og følg Gaute Gneis og venane hans på ei morosam oppdagingsferd. Løys oppgåver undervegs, hels på geiter og lamaer – og unn deg dei legendariske vaflane med karamellsaus og jordbær på Westerås! 🍓🧇 Fullfører du stien, ventar eit flott diplom tilbake på Norsk Fjordsenter. Aktiviteten er gratis!

Følg Gaute Gneis og venene hans langs naturstien frå Norsk Fjordsenter til Westerås Gard. Foto: SGV/ Merete Løvoll Rønneberg
2. Bli ein Junior Ranger 😊 og test våre naturaktivitetar
Lær om fuglar, dyr, steinar og vulkanar gjennom leik og eksperiment. Test grasski, bygg grindbygg og bli ein ekte Junior Ranger! Oppleving inkluderer også inngangsbilletten til Norsk Fjordsenter. Book aktiviteten her: Junior Ranger naturaktivitetar

Som Junior Ranger får barna utforske steinar, dyr og natur gjennom leik og praktiske aktivitetar. Foto: Hyke Studio
3. Leik ute med verdsarven som bakteppe
Vårt uteareal ved Norsk Fjordsenter er din leikeplass, medan du er på besøk i Geiranger 😍❤️ her finn du store grøne område for leik, ballspel, piknik og avslapping. Perfekt for små eventyrarar med mykje energi!

Uteområdet ved Norsk Fjordsenter har god plass til leik, aktivitetar og avslapping for heile familien. Foto: Hyke Studio
4. Utforsk Norsk Fjordsenter
Opplev interaktive utstillingar, prøv spennande aktivitetar og sjå den spektakulære filmen om verdsarvfjordane i kinosalen. Her lærer både store og små noko nytt. I kjellaren finn du også eit leikerom for dei minste.

På Norsk Fjordsenter kan barn og vaksne utforske verdsarven gjennom interaktive utstillingar og aktivitetar. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland.
5. Gå Fossevandringa
Gå den spektakulære trappa med 327 trappetrinn ned mot sentrum – tett på den brusande fossen. Du kan nesten rekne med ein liten dusj undervegs!

Fossevandringa tek familiar tett på den mektige Storfossen mellom Norsk Fjordsenter og Geiranger sentrum. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
6. Besøk Skywalk Dalsnibba
Køyr opp til eitt av Noregs mest spektakulære utsiktspunkt, 1 500 meter over havet! Her ventar panoramautsikt, snø langt ut på sommaren og ei oppleving barna seint vil gløyme. 🤩

På Dalsnibba kan familiar oppleve panoramautsikt over fjella og Geirangerfjorden. Photo: Eline Karlsdatter Fladseth – Visit NorthWest
7. Avslutt dagen med ein gigantisk softis
Etter ein dag full av opplevingar fortener alle ein skikkeleg is på kaia i Geiranger. Mange meiner den er blant dei aller beste i landet – vi er ganske einige! 😋
❤️ Velkomen til Geiranger – vi gler oss til å treffe deg!
Kva aktivitet trur du barna dine hadde likt aller best?