🔹 Post 8 – Dei første menneska

💡 Visste du?
Dei første menneska levde av jakt, fiske og det dei fann i naturen. Dei fyrste menneska kom til dette då istidene gjekk mot slutten. Mest truleg kom dei roande eller seglande i enkle båtar, men vi veit også at dei jakta rein i fjella. Reinen trivst i kjøleg klima, og då istidene tok slutt lenger sør i Europa, følgde reinen isbreen etter kvart som han trekte seg mot nord.

🐐 Lykle:
Eg finn mykje god mat ute!

👀 Sjå etter:
Ser du noko som kunne vore mat?

🧠 Tenk saman:
Kvar trur du det er lettast å finne mat – i fjorden eller på fjellet?

Dei fyrste jegerane i området bygde enkle fangstanlegg ved trekkrutene til reinsdyra. Her kunne jegerane gøyme seg og vente med spyda sine, pilene og bogen klare. Reinsjakta var viktig for å skaffe mat til familien.

Illustrasjon basert på teikning etter Eva Furseth