🔹 Post 6 – Turtips

💡 Visste du?
God planlegging gjer turen både tryggare og kjekkare. Det er lurt å starte med korte og lette turar viss ein ikkje er så vandt med å vere på tur, og særleg viss ein har med born. Det er mykje fint og spennande å oppdage i naturen, så gje deg heller tid til å studere og oppdage, framfor å gå veldig langt.

🪨 Gaute Gneis:
Eg greier meg godt i naturen, men har du med deg det du treng?

🎒 Prøv sjølv:
Kva har du i sekken?

🧠 Tenk saman:
Finn tre ting som gjer turen tryggare.

Gode turopplevingar startar med god planlegging og respekt for naturen.
Illustrasjon: Berit Barlaup