🔹 Post 3 – Landskapet

💡 Visste du?
Det er elvene og isbreane som har forma landskapet ikring oss, men landskapet er ikkje ferdig. Framleis slipar små isbrear på fjella, her går steinsprang og snøskred. Difor seier vi at dette er eit levande geologisk landskap.

🪨 Gaute Gneis:
Eg har lege her i millionar av år – og blir framleis forma kvar dag!

👀 Sjå etter:
Ser du spor etter naturkrefter (ras, elver, bratte fjell)?

Fjordlandskapet er eit levande geologisk landskap som framleis blir forma av naturkreftene.
Illustrasjon: Berit Barlaup