🔹 Post 2 – Løer
💡 Visste du?
I gamle dagar vart graset slått på mange stader i utmarka, og i bratte skogslier som her. Den gongen var det ikkje så mykje skog, og her kunne vere opne område med godt gras. Dette var viktig vintermat for husdyra. Bøndene slo graset med ljå, tørka det på marka, og lagra i små høyløer. Seinare frakta dei det heim, og stundom måtte dei bere det heile vegen.
🐐 Lykle:
Mmm… eg skulle ønske løa framleis var full av høy!
👀 Sjå etter:
Finn du fleire steinmurar her, eller andre spor etter menneske som har arbeidd her?
🧠 Tenk saman:
Kvifor lagra dei høyet her oppe først?

Løene gav plass til høyet og sikra mat til husdyra gjennom vinteren.
Illustrasjon: Berit Barlaup