🔹 Post 10 – Løypestrengen

💡 Visste du?
Ein løypestreng eller ei taubane vart brukt for å frakte høy i bratte fjellsider – ei smart løysing. Då kunne folk feste høyet i buntar på strengen og vinsje det til gards. Slik slapp dei å bere det. Løypestrengen var difor eit veldig viktig hjelpemiddel, og truleg like viktig som traktoren er for bonden i vår tid.

🐐 Lykle:
Høyet er vintermaten min. Eg håper bonden har ordna med nok mat til meg for heile vinteren!

🧠 Tenk saman:
Korleis ville du fått tungt høy ned frå ei bratt fjellside?

🎒 Prøv sjølv:
Ber noko litt tungt 20 steg – korleis kjennest det?

Med slike taubaner kunne folket frakte varer og utstyr opp og ned frå fjellgardane. Løypestrengar var enklare konstruksjonar og vart berre brukt til å sende høy.
Illustrasjon: Berit Barlaup