🔹 Post 1 – Gamlevegen
💡 Visste du?
Før bilvegen kom, måtte alt berast til og frå garden på Vesterås. Turen opp skogslia kunne ta 30–60 minutt – og oftast bar dei med seg tunge bører. I «gamle dagar» var det ikkje vanleg å gå på tur berre for å kose seg. Den gongen gjekk folk fordi dei hadde eit ærend, eller eit arbeid dei skulle gjere.
🪨 Gaute Gneis:
Phjuu… eg er glad eg slepp å bere!
🎒 Prøv sjølv:
Finn ein stein på storleik med handa di. Ber han til neste post – Kor tung trur du steinen din er? Var det tungt å bere han? Kor mykje trur du at du kunne greidd å bere med deg opp heile skogslia?
🧠 Tenk saman:
Trur du folk før brukte kortare eller lengre tid enn deg?

Fjordafolket levde av naturen. Dei var vande med å bere utstyr opp og ned dei bratte fjellsidene; ved, høy, fangst frå fjell og fjord, eller andre ting.
Illustrasjon: Berit Barlaup