🔹 Post 11 – Vesterås og vinteren

💡 Visste du?
Bratte fjellsider gir fare for snøskred om vinteren. Det er særleg når det har kome mykje snø på kort tid, eller når vêr og temperatur endrar seg at snøskredfaren aukar. Men vinden og det lokale landskapet kan også verke inn. Sjekk alltid skredvarsla før du skal på tur om vinteren. Ofte er det også lurt å snakke med folk som kjenner området godt.

🪨 Gaute Gneis:
Når snøskreda kjem, kan dei til og med få fart på meg!

👀 Sjå etter:
Ser du område der snø kan rase? Legg merke til kvar folk har bygd hus. Kvar har dei ikkje bygd hus?

🧠 Tenk saman:
Kvar trur du folk bur tryggast for snøskred?

På vinterstid må du alltid sjekke skredfaren viss du vil på tur i fjellet.
Illustrasjon: Berit Barlaup