🔹 Post 5 – Vatn og elver
💡 Visste du?
Vatn frå snø og is renn nedover og formar landskapet – alltid den lettaste vegen. Når elva gjer ein sving, kan det vere fordi ho treff på hardare bergartar som er vanskelegare å grave i.
🪨 Gaute Gneis:
Eg prøver å vere sterk, men vatnet vinn alltid til slutt!
👀 Sjå etter:
Sjå på bekken frå trygg avstand – korleis finn vatnet vegen sin?
💧 Prøv sjølv:
Hell litt vatn på bakken (t.d. frå drikkeflaska di eller ein kopp) – kva veg renn vatnet?

Brudesløret er ein av dei mest kjende fossane i Geirangerfjorden. Vatnet kjem frå snø, regn og små bekkar høgt oppe i fjellet.
Illustrasjon: Berit Barlaup