Smart Fjord
Vår viktigaste oppgåver er å ta vare på verdsarvområdet og sikre sårbare natur- og kulturverdiar. Samstundes ønskjer vi å arbeide for livskraftige lokalsamfunn der det er godt å bu, og der besøkande kjenner seg velkomne og tatt vare på. Korleis skal vi greie å sameine desse ambisjonane?
Gjennom Smart Fjord satsinga vil vi ta i bruk ny teknologi, innovative metodar, samarbeid og samskaping. Slik ønskjer vi at bygdesamfunna våre skal bli meir berekraftige og attraktive. Over 90 enkeltpersonar, bedrifter og styringsorgan er i dag partnarar i Smart Fjord.
Vil du vere med på å påverke utviklinga i Smart Fjord, bør du bli partnaren vår!
Frå Grøn Fjord til Smart Fjord
Heilt sidan 2011 har vi arbeidd målretta saman med partnarane våre i samarbeidsrørsla «Grøn fjord». Vi sette visjonen «sporlaus ferdsel», og dei fyrste ti åra fokuserte vi mest på reelle miljøutfordringar i verdsarvområdet. Målet var betre og meir heilskapleg forvaltning og slik sikre dei eineståande verdsarvverdiane som Noreg som nasjon har plikt til å ta vare på.
Samstundes ser vi at bygdesamfunna våre er små og sårbare. Skal vi greie å ta vare på viktige natur- og kulturverdiar, må vi òg bidra til gode, attraktive og tilpassingsdyktige lokalsamfunn. Den nye Smart fjord satsinga vår femnar breiare og meir heilskapleg. Med verdsarven som grunnlag, fokuserer vi på at Geirangerfjordområdet skal vere ein god stad både å bu i og besøke.

Smart Fjord kultur
Kunst- og kulturopplevingar begeistrar oss. Dei er både impulsar til personleg vekst og til samfunnsutvikling. Spektakulær natur får folk til å komme, og kultur får folk til å bli. Kultursamarbeid og kulturnæring som verdiskapar er ei ny, spennande satsing for verdsarvstiftinga, fyrst og fremst i vinterhalvåret. Gjennom kulturturisme vil vi tilføre noko nytt og spennande til den kjende merkevara Geirangerfjorden.
Vi vil kople aktørar frå kunst- og kulturnæring med lokale reiselivsbedrifter. Ved å trekke til oss spennande ressursar frå regionale, nasjonale og internasjonale miljø, skaper vi grobotn for nye idear, innovasjon og kreative næringar. Dette kan gje nye, heilårlege arbeidsplassar og styrke lokalsamfunna.
Desse prosjekta/initiativa og ideane er del av den nye kultursatsinga:
– “Artist in residence Geiranger” (AiR)
– Geiranger Lyskunstfestival – www.geirangerlys.no
– Festspela i Geiranger (klassisk musikkfestival) – www.festspel.no

Smarte lokalsamfunn
Vi skal bidra til at lokalsamfunna er inspirerande stadar å bu og arbeide. Då har vi tru på gode arenaer for samarbeid og utvikling, og tydeleg identitet. Vi vil ta initiativ og delta i bygdeutviklingsprosjekt og nyskapande bustadprosjekt, og målet er trivsel og auka innbyggjartal. Vi ønskjer oss smarte, inkluderande og berekraftige lokalsamfunn, og går gjerne i front for å ta i bruk ny, grøn teknologi og miljøvenlege løysingar.
Verdiskapingsprogrammet «Lys i tunellen» /Fjord Lights er eitt døme på nye satsingar. Gjennom strategisk bruk av naturleg lys og lysdesign vil vi gje verdsarvbygda Geiranger nye stadkvalitetar. Lys kan skape magiske opplevingar, men samstundes vil vi ta vare på både det naturlege vinterlyset og mørket. Nye og mellombelse lysopplevingar skal hjelpe oss å løfte fram internasjonale verneverdiar.

Fjord Cowork
Dette er eit pilotprosjekt der vi ønskjer å tilby attraktive og relevante arbeidsfellesskap nær verdsarvnaturen kring Geirangerfjorden. Å bu og arbeide tett på røff, storslagen natur gir sterke opplevingar. Vi ønskjer å gje fleire moglegheit til å prøve livet i verdsarven. Gjennom ei slik satsing kan fleire sjå verdien av å bu på bygda.
Målgruppa er gründerar, entreprenørar, forskarar, studentar, byråkratar, produsentar og kreative næringsdrivande. I samarbeid med lokalsamfunna kartlegg vi tilbydarar knytt til overnatting, arbeidsplassar, arbeidsfellesskap og opplevingar i bygdene Geiranger, Eidsdal og Norddal. Desse vert presenterte både i tekst, bilete og film på heimesida www.fjordcowork.com

Smart reisemål og næringsliv
Vi skal bidra til at verdsarvområdet opprettheld og styrkar statusen sin som eit internasjonalt reiselivsikon. Vi vil vere kjende for unike opplevingar, året rundt, i eit spektakulært fjordlandskap. Verdsarvstiftinga skal òg bidra for at området opprettheld statusen som berekraftig reisemål, og vi tilbyr rådgjeving mot sertifisering som Miljøfyrtårn for partnarane våre.
Det er viktig å auke breidda i næringslivet og styrke næringsgrunnlaget i vintersesongen. Likeins å skape attraktive arbeidsmiljø for små bedrifter.

Smart forsking – Air Quality Monitoring Programme
Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap skal fungere som eit laboratorium for berekraftig utvikling. Vi vil ta initiativ til prosjekt som kan føre til forsking, læring og utprøving av nye, berekraftige løysingar. Eitt av dei fyrste forskingsprosjekta våre er knytt til overvaking av luftkvalitetane i Geiranger.
Arbeidet vert utført av Universitetet i Bonn. Dei måler mellom anna svevestøv av ulik storleik, karbonmonoksid, nitrogenoksid, svoveldioksid og ozon, og dette vert gjort på tre faste målestasjonar plassert på ulike høgde i Geiranger.
Data frå prosjektet har vore nytta som grunnlagsmateriale for Sjøfartsdirektoratet i samband med innføring av strengare regulering av skipsfarten på verdsarvfjordane. Ulike forskingsprosjekt har òg nytta data frå målingane.

Smart forsking – Twin fjord
Samfunnsplanlegging og arealplanlegging er krevjande arbeid med mange omsyn. Samstundes er det viktig med god medverknad av innbyggjarar og ulike offentlege myndigheiter. Dei fleste av oss ønskjer ei heilskapleg og berekraftig planlegging.
I Twin fjord ønskjer ein å utvikle eit interaktivt, visuelt verktøy som skal gjere det lettare å forstå verknadene av det ein planlegg. Slik kan folk lettare sjå konsekvensar av ulike alternativ. Sjølv om det finst digitale verktøy i dag, er det forventningar om at Twin fjord skal vere ein meir komplett modell for mange ulike variablar. I prosjektet samarbeider offentleg forvaltning, forskingsinstitusjonar og private aktørar. Du kan lese meir på https://www.twinfjord.no/

Smart forsking – TourRisk
Klimaendringar og tap av naturmangfald heng saman, og er dei to største miljøtrugslane i vår tid. Vegen mot eit lågutsleppssamfunn krev store omstillingar i alle næringar, også i reiselivet. Samstundes vert reiselivet peika på som ei vekstnæring når oljesatsinga må trappast ned.
I TourRisk ser ein på kva slags politikk som kan gi oss den reiselivsnæringa Norge verkeleg treng i framtida, gitt klimasituasjonen verda står overfor. Framtidas norske reiseliv må vere motstandsdyktig og robust, slik at kriser og hendingar ute i verda ikkje slår beina under verksemdene.
Vestlandsforsking har hovudansvaret for prosjektet, og samarbeider med mange ulike miljø. Vi er eitt av desse.

Internasjonalt samarbeid – PROWAD-LINK
I dette prosjektet samarbeider vi med partnarar frå verdsarvstader i Danmark, Tyskland, Nederland og Storbritannia. Saman prøver vi å finne ut korleis vi kan bruke naturen som merkevare og ein pådrivar for nye arbeidsplassar og berekraftig utvikling. Prosjektet engasjerer små og mellomstore bedrifter, og vil utvikle og teste innovative verktøy for å få fleire naturvenlege, salbare produkt og auka innsats for berekraft. På den måten kan vi skape fordelar både for miljøet og bedriftene. For meir informasjon: Prowad rapport
I samarbeidet har vi delt våre erfaringar frå Fjord Cowork, Fjord Lights, Geiranger Lyskunstfestival og arbeidet med fjordranger.

Søstersamarbeid med Glacier Bay
Det marine nettverket i Unesco er ein arena for internasjonale samarbeid mellom verdsarvstader. Her kom vi i kontakt med Glacier Bay, Alaska, og oppdaga at vi har mykje til felles. Begge er mektige fjordlandskap. Begge har mykje besøk av cruiseskip, og begge har små bygdesamfunn tett på eller i verdsarvområdet.
I løpet av dei siste åra har vi vore på besøk hos kvarandre. Vi har henta inspirasjonen til fjordranger-programma våre frå Glacier Bay, og vi har henta kunnskap om korleis dei forvaltar sine verdsarvfjordar og formidling generelt. Internasjonalt samarbeid inspirerer og styrkar verdsarvarbeidet.
